8BitDo 64 Bluetooth Controller: Eit betre Nintendo 64-alternativ?

Gaming News

8BitDo 64 Bluetooth Controller: Eit betre Nintendo 64-alternativ?
8BitdoNintendo 64Switch

Nintendo sel ikkje sine Nintendo 64-kontrollarar til Switch i Noreg. Men 8BitDo har ein kontrollar som erstatning. Er den betre? Gamer.no ser på 8BitDo 64 Bluetooth Controller.

Det er ikkje utan grunn at mange er litt frustrerte over at Nintendo sel retrokontrollarar til Switch over store delar av verda. Retrokontrollarar har blitt eit populært tilbehør til Nintendo Switch Online. For abonnentar av Switch Online, gir dette tilgang til eit stadig veksande utval av retrospel, inkludert spel frå Nintendo 64 -konsollen.

Nintendo tilbyr retrokontrollarar til Super Nintendo-, GameCube-, Sega Genesis- og Nintendo 64-kontrollarar spesifikt for Switch-konsollar frå sine nettbutikkar, men ikkje i Noreg. Heldigvis er det andre som har tatt på seg å tilby, om ikkje ei heilt autentisk oppleving, så i det minste eit betre alternativ.\Mange kan seie mykje om romskipet som styrte Nintendo 64 inn i ei ny og tredimensjonal verd. Den var definitivt banebrytande, med sin sære kontroll med tre handtak og ei styrestikke i midten. Sjølv om stikker ikkje var noko nytt, og var mykje brukt på Amiga, Atari og PC-ar, var dette kontrollen som etablerte styrestikka som essensielt element på konsollkontrollarar. Sony såg raskt potensialet i denne ideen, og lanserte kontrollarar med ikkje berre ei, men to styrestikker på sin eigen PlayStation-konsoll kort tid seinare. Forma på Nintendo 64-kontrollaren er derimot diskutabel. Den var rar, og vart raskt forkasta. Med GameCube styrte Nintendo skuta i ei heilt ny retning, fjerna det tredje handtaket og adopterte to styrestikker, den framtidige standarden. Dette har vore normen for dei fleste kontrollarar sidan, og det er dette 8BitDo har brukt som utgangspunkt for sin nye 8BitDo 64 Bluetooth Controller. Her har dei gjort det eg vil kalle frekt. Dei har tatt estetikken til Nintendo 64-kontrollaren, men pakka den inn i ei moderne form. Styrestikkene ser ved første augnekast ut som dei gamle, men ved nærare inspeksjon er det moderne Hall Effect-stikker med metallbeslag for å unngå slitasje. Handtaket i midten er òg fjerna, og resultatet er ein kontrollar som er forvekslande lik Switch Pro-kontrollaren.\Det er viktig å merke seg at 8BitDo Bluetooth Controller er laga for Nintendo 64-spel. Han er primært designa for bruk på retrokonsollen Analogue 3D eller Switch, men kan òg brukast på PC eller mobil. Du kan prøve å bruke den med spel som ikkje er laga for Nintendo 64, men du vil raskt støte på problem. For eksempel, prøv eit Super Nintendo-spel, og du vil raskt merke at X- og Y-knappane manglar. Dei gule pilknappane på høgre side har ingen funksjon, og dei fleste spel blir uhandterlege. På ein PC kan du omprogrammere knappane og få ein fantastisk autentisk kontrollar for retro- og indiespel. For å spele Nintendo 64-spel, uavhengig av plattform, er 8BitDo 64 heilt nydeleg. Eg må innrømme at eg syntest Nintendo 64-kontrollaren var kul då den kom, men i etterpåklokskapens teikn lurer eg på kva Nintendo eigentleg tenkte på. La oss vere ærlege, 8BitDo 64 er ein mykje betre variant av Nintendo 64-kontrollaren. Han ligg godt i hendene og tvingar deg ikkje til å byte grep kvar gong du skal skifte mellom styrestikker og D-paden. Ergonomisk er det eit suverent produkt, sjølv om den nostalgiske moroa ved Nintendo 64-forma er borte, er estetikken framleis til stades via fargeval og knappar. Denne kontrollaren er utvida i forhold til Nintendo 64-kontrollaren. Han har fire ryggknappar, ein turbofunksjon, og ein eigen knapp for å gå tilbake til hovudmenyen. Som dei fleste tredjepartskontrollarar kan han ikkje brukast for å slå på ein Switch-konsoll.\8BitDo 64 er definitivt eit nisjeprodukt for spesielt interesserte. Dersom du elskar å spele Nintendo 64-spel, anten på Switch-konsollar eller på Nintendo 64-emulatorkonsollen Analogue 3D, er denne kontrollaren gull verd. Han tilbyr ei komfortabel og god speleoppleving. Kontrollen er autentisk, men med meir komfort enn den originale Nintendo 64-kontrollaren. Vi får kanskje ikkje kjøpt Nintendo sin eigen Nintendo 64-kontrollar til Switch, men dette er strengt tatt eit minst like godt, og tør eg seie det, betre alternativ. Her får du komfort og autentisk retrokjensle i kombinasjon, og då er det berre hyggjeleg å spele gamle spel om att

We have summarized this news so that you can read it quickly. If you are interested in the news, you can read the full text here. Read more:

gamerno /  🏆 24. in NO

8Bitdo Nintendo 64 Switch Kontrollar Retro

 

United States Latest News, United States Headlines

Similar News:You can also read news stories similar to this one that we have collected from other news sources.

Phillip (2025): Ei kvardagshelg som endra alt – frå treningssenter til hjerneslagPhillip (2025): Ei kvardagshelg som endra alt – frå treningssenter til hjerneslagEin ung mann, Phillip, opplever ei tilsynelatande vanleg helg som tek ei dramatisk vending. Frå trening og bursdagsfeiring til eit alvorleg hjerneslag, fortel historia om kampen for livet og viktigheten av fellesskap.
Read more »

Avgiftskutt på drivstoff utløser heftig debatt: Prioriteringer og økonomisk ansvar i fokusAvgiftskutt på drivstoff utløser heftig debatt: Prioriteringer og økonomisk ansvar i fokusStortingets vedtak om drivstoffavgiftskutt på 6,7 milliarder kroner har skapt debatt. Kritikere peker på alternativ bruk av pengene, mens tilhengere fremhever behovet for å redusere transportkostnader. Usikkerhet rundt prisreduksjoner og ulike politiske prioriteringer setter agendaen.
Read more »

Skal du på påskefjellet? Ikkje gjer som desseSkal du på påskefjellet? Ikkje gjer som desseAlle kan gjere feil. Alle kan vere uheldige. Men nokre typar går igjen.
Read more »

Russisk fiskefartøy med 79 personar slept til kai i EigersundRussisk fiskefartøy med 79 personar slept til kai i EigersundForsvaret, politiet, brannvesenet og tolletaten var alle involverte då eit russisk fiskefartøy med motorhavari blei slept til kai i Eigersund natt til laurdag.
Read more »

Kraftig advarsel etter møte: – Ikke vær stormturistKraftig advarsel etter møte: – Ikke vær stormturistBeredskaps- og kriseleiinga kan ikkje få sagt tydeleg nok at vêrforholda som er i vente første påskedag, kan vera ekstremt farlege.
Read more »



Render Time: 2026-04-12 15:35:29