Bli med på festen – ikkje gløym protesten!

Norge Nyheter Nyheter

Bli med på festen – ikkje gløym protesten!
Norge Siste Nytt,Norge Overskrifter
  • 📰 vgnett
  • ⏱ Reading Time:
  • 78 sec. here
  • 3 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 34%
  • Publisher: 63%

I dag skulle titusenvis ha sprunge ut i gatene i Oslo, og feira mangfaldet og kjærleiken i paraden til Oslo Pride. Slik vart det ikkje. Corona-tiltaka har sett ein stoppar for alle Pride-arrangement i vår og sommar. Men feira og protestert vert det likevel.

Dei fleste Pride-arrangørane i Noreg har flytta arrangementa over på digitale plattformer. I Bygdepride Ørsta/Volda hadde vi digitalt Bygdepride den 7. og 9. mai. For oss var det veldig viktig å få markert at vi i år skulle hatt regnbogemesse for fyrste gong. Ørsta sokneråd ynskte oss velkomne til Ørsta kyrkje.

«Vi vil ikkje at du skal flytte. Vi vil at du skal vere her slik du er, med heile deg. I bygda vår, i fellesskapet vårt og i kyrkja vår. Du treng ikkje flytte eller gøyme deg eller late som. Du kan vere deg sjølv, skapt og elska av Gud, og uendeleg viktig for dei rundt deg. For om ein av oss lid, då lid vi alle. Om ein av oss blir æra, då gler vi oss alle.»Responsen var enorm. 7.500 såg denne videoen.

Då er det kanskje enklare for oss å sjå dei som lever i einsemd året rundt, og som vil halde fram med det. Berre fordi dei kjenner det veldig vanskeleg å fortelje om heile seg. Dei kjenner ei frykt for at dei nær ein, samfunnet elles, ikkje vil akseptere. Dei kjenner kanskje skam. Då Bygdepride vart arrangert i Ørsta og Volda for fyrste gong for to år sidan, vart det eit storhende. Ingen kunne på førehand sjå føre seg at tusenvis kom ut i gatene for å feire mangfald og kjærleik. Det hadde vore arrangement på bygdene tidlegare kring om i Noreg, men Bygdepride fekk ei deltaking og ein omtale som vart mykje større enn noko tidlegare arrangement for skeive utanom dei store byane.

Men samstundes som vi feirer, må vi vere tydelege på at det framleis er ein kamp for å oppnå aksept for å vere annleis. Difor var temaet i fjor skeiv soge på bygdene, og der vi fekk fram at folk kjende at dei måtte flykte. Frykta førte mange til storbyane.

Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

vgnett /  🏆 6. in NO

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter

Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.

Flere ordensforstyrrelser i Oslo: – SydenstemningFlere ordensforstyrrelser i Oslo: – SydenstemningNatt til lørdag har vært hektisk for Oslopolitiet.
Les mer »

Nyt tropevarmen – neste uke snur detNyt tropevarmen – neste uke snur detNeste uke erstattes Syden-temperaturene med kaldt, grått vær. Men fortsatt ligger det an til å bli en rekordvarm junimåned.
Les mer »

India forbereder seg på smitteeksplosjon: – Vi er utslitteIndia forbereder seg på smitteeksplosjon: – Vi er utslitte10.000 sykehussenger i papp og 500 togvogner som feltsykehus. India jobber på spreng med å forberede seg på flere corona-tilfeller.
Les mer »



Render Time: 2025-03-13 22:42:58