Beyond the Breaking News

Debatt: Det nye sjukehuset i Stavanger - strukturelle feil og omsorgsavviklinger

Politik Nyheter

Debatt: Det nye sjukehuset i Stavanger - strukturelle feil og omsorgsavviklinger
SjukehusStavangerArbeidsmiljø

En debattinnlegg som beskriver hvordan det nye sjukehuset i Stavanger har blitt kritisert for strukturelle feil og omsorgsavviklinger i barselomsorg, fødsel og barsel.

DEBATT: Det nye sjukehuset i Stavanger skulle vere eit løft. Eit moderne bygg som skulle gi betre pasienttryggleik, betre arbeidsmiljø og betre kvalitet for no og for framtida.

Slik vart det altså ikkje. Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I staden får vi daglege meldingar frå våre medlemmar, jordmødrer, som står i ein arbeidssituasjon som er uforsvarleg. Både for dei sjølve og for dei som dei skal ta vare på. Dette er ikkje enkelthendingar. Dette er ikkje eit innkøyringsproblem.

Dette er strukturelle feil som slår direkte inn på fødsels og barselomsorga. Vi varslar ikkje fordi vi ønskjer konflikt. Vi varslar fordi vi ser konsekvensane av ei teneste som er strekt for langt. Kronikkane i Stavanger Aftenblad frå dei tilsette fortel om ei barselavdeling utan kapasitet og at faglege vurderingar ikkje vert gjort når ein vurderar kor lenge mor og barn skal vere innlagt.

Dei fortel om at kvinner vert sendt heim før amming er i gang og utan at psykisk helse er kartlagt. Når jordmødrene har det bra på jobb, vert fødselsomsorga god. Slik er det dessverre ikkje på SUS no. Vi får meldingar frå medlemmar som opplev for høgt arbeidspress, manglande pauserom og tilrettelegging, for få kollegaer på vakt, frykt for å ikkje strekkje til, auka sjukefråvær og høg turnover. Korleis vert omsorga då?

Det nye sjukehuset er omtalt som moderne og flott, men samtidig er det bygd for lite, med for tronge budsjettrammer og utan vekt på arbeidsmiljøet. Den nye faglege retningslinja for barselomsorga løftar fram psykisk helse og betre oppfølging. Men utan nok jordmødrer vert det berre ord. Jordmorforbundet NSF har tidlegare peika på at retningslinja krev betre jordmortettleik for å kunne gjennomførast.

Vi varslar ikkje fordi vi ønskjer konflikt. Vi varslar fordi vi ser konsekvensane av ei teneste som er strekt for langt. Vi varslar fordi jordmødrene fortener betre og fordi vi må ta vare på gullet vi har .

Og fordi kvinner og nyfødde fortener betre. Det er ikkje slik at god omsorg kjem av seg sjølv eller at kven som helst kan gi den. Ho kjem av jordmødrer med si faglege tyngde og kompetanse, jordmødrer som har tid, rom og ressursar til å nytte den godt. Ho kjem av leiing som lyttar og politiske prioriteringar som set kvinnehelse fyrst.

GooglePlease follow us on Google to support us
Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

StvAftenblad /  🏆 30. in NO

Sjukehus Stavanger Arbeidsmiljø Pasienttryggleik Psykisk Helse

 

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter

Similar News: Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.

Go-Ahead gir seg i NorgeGo-Ahead gir seg i NorgeDet britiske togselskapet Go-Ahead trekker seg ut av Norge, melder Stavanger Aftenblad.
Les mer »

Go-Ahead gir seg i NorgeGo-Ahead gir seg i NorgeDet britiske togselskapet Go-Ahead trekker seg ut av Norge, melder Stavanger Aftenblad.
Les mer »

Go-Ahead gir seg i NorgeGo-Ahead gir seg i NorgeDet britiske togselskapet Go-Ahead trekker seg ut av Norge, melder Stavanger Aftenblad.
Les mer »

Go-Ahead gir seg i NorgeGo-Ahead gir seg i NorgeDet britiske togselskapet Go-Ahead trekker seg ut av Norge, melder Stavanger Aftenblad.
Les mer »



Render Time: 2026-08-09 22:18:09