Super Mario RPG viser seg frå si beste side. Eit lite stykke magi. Les vår anmeldelse.
Min første reaksjon på årets nye utgåve av Super Mario RPG var «Jøss, det ser akkurat ut slik eg hugsar det». Heilt feil sjølvsagt, Super Nintendo-originalen var visuelt sett langt, langt frå det vi får severt i denne nyversjonen, men hjelpe meg så utviklarane har nagla stilen her.
Super Mario RPG? Umiddelbart! Det er ukomplisert moro som sender deg av garde så fort du har fått Mario ut av senga si, og etter knapt ein halvtime er du lengre på veg enn mange andre spel er etter ein heil kveld. Alt dette er med, akkurat slik ein hugsar det, men kanskje med ei og anna nærast usynleg justering her og der for å gjere spelet enda meir tilgjengeleg. I rolla som Mario spring vi rundt i fargerike og lekre miljø som osar av liv og røre. Det er kraftige fargar, tydelege former, og alt til herleg musikk frå ein komponist som i seinare år er best kjend for sitt arbeid på Kingdom Hearts-serien.
Likevel merkast det at det blir kanskje litt vel mykje av det gode. Områda Mario og kompani kavar seg gjennom er sjeldan store, men dei er fulle av fiendar. Nesten litt vel fulle av fiendar, og det er lett å sitje igjen med ei kjensle av at alt du gjer er å hamre laus på fiendar. Det hadde ikkje gjort noko om utviklarane bak denne nyversjonen hadde tona ned mengda med fiendar, og kanskje skrudd opp mengda med erfaringspoeng for å kompensere.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Bustadhus overtent i Bergen: 15 personar evakuertEit hus har tatt full fyr i eit bustadområde sør i Bergen.
Les mer »
Datasenter på Kalberg, eit eventyr frå først til sistDEBATT: Første gong eg høyrde om datasenter på Kalberg var i desember 2019. I mars året etter la Green Mountain (GM) og Lyse la fram planar og vyer med unøyaktige påstandar.
Les mer »
Merete fekk eit brutalt møte med overgangsalderen: – Eg trudde arbeidslivet var overNytt forskingsprosjekt meiner det er sjokkerande lite kunnskap om ein fase alle kvinner må gjennom. Meiner sjukefråværet kan reduserast med enkle grep.
Les mer »