Her er dei beste Black Week-tilboda. Tjuvstarten byr på nokre attraktive kjøp.
For tredje år på rad har butikkane tjuvstarta Black Week med ei veke. Det er ikkje all verda med tilbod på maskinvare og gamingtilbehøyr enno, men me lagar som vanleg ei anbefaling på dei beste.
Rabattnivået er på linje med Black Week i fjor, så det kan hende denne blir endå meir rimeleg på Black Friday. MM730 er ei av dei meir «vanlege» formene Cooler Master har laga, med eit behageleg, ergonomisk design. Kroppen til musa har veldig låg profil, og krev litt tilvenning, men kan vere eit skikkeleg presisjonsvåpen i skytespel for dei med rett grepstype.
I skrivane stund har Netonnet det til sal for 1690 kroner. I 2020 hadde Komplett ein kampanje der dei selde det til 999 kroner.