Trass i at talet på golfspelarar i Noreg har eksplodert dei siste åra, har ingen nye banar blitt bygde på over eit tiår.
FEKK NEI: I denne skogen på Ljøsne i Lærdal kommune var det planlagt å byggje golfbane, men slik blir det ikkje.Trass i denne veksten, har det ikkje blitt bygd ein einaste ny 9- eller 18-holsbane sidan 2012.
Lærdal Golfklubb hadde planar om å byggje den første bana i Noreg på 13 år, men fekk ikkje løyve grunna plasseringa i eit område med flaummarkskog.Det er framleis uvisst om Lærdal Golfklubb vil satse på nytt for å byggje bane. Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering. Lærdal Golfklubb jobba i ni år for å byggje Indre Sogn si einaste golfbane. No må dei setje ein fot i bakken.Dei hadde håpa å nyte godt av den eksplosive auka av nye golfspelarar i Noreg.Trass i denne veksten har det ikkje blitt bygd ein einaste ny 9- eller 18-holsbane sidan 2012, då Gamle Fredrikstad Golfklubb sitt anlegg sto ferdig. – Dette er ei stor utfordring, spesielt i dei største byane. Mange stader er det ventelister for å få spele, forklarar anleggssjef i Noregs Golfforbund, Pål Melbye.– Tidlegare var det ei misforstått oppfatning om at det var mykje pengar å tene på golfbanar ved å investere i dei. Det viste seg å ikkje stemme.I Lærdal var ikkje økonomien problemet og det såg lenge ut som at dei skulle byggje den første bana i Noreg på 13 år. I løpet av dei siste ni åra har golfklubben skaffa seg støtte blant grunneigarane, politikarane i kommunen og investorane. Dei investerte ein million kroner i planlegging av deira nye golfbane og var nesten klare til byggjestart, men slik vart det ikkje.Grunngjevinga bak vedtaket er knytt til bana si plassering, då ho var planlagd i eit område med flaummarkskog – noko staten meiner ikkje bør bli til golfbane. – Departementet vurderer at golfbana i for stor grad er i konflikt med naturmangfald av nasjonal og vesentleg regional verdi, heiter det i vedtaket frå Kommunal- og distriktsdepartementet.– Dette er ein siger for naturen. Flaummarkskog er ein svært viktig naturtype der mange artar trivst godt. Vi må ta vare på slike areal skal vi minimere naturkrisa, seier leiar i Naturvernforbundet i Indre Sogn, Iselin Helløy.Ho forklarar at skogen ikkje berre er viktig for oss på land eller for fuglane som flyg, men òg for laksen i elva.Evjestad i Lærdal golfklubb er ueinig og meiner dei har nøye vurdert kva slags område som er best eigna for eit golfanlegg.Han forklarar at kommunen har gjennomført ei kunnskapsutgreiing der dei har kartlagt naturmangfaldet i området. – I Lærdal finst det naturtypar av internasjonal verdi, men denne flaummarkskogen er ikkje ein av dei, forklarar Evjestad. Han seier at når ein skal ta i bruk eit areal på 200–300 mål, må ein vege samfunnsnytten opp mot ulempene.Evjestad meiner at denne typen skog burde blitt til golfbane, medan Helløy frå Naturvernforbundet meiner det er bra at han ikkje vart hogge ned.For dei over 350 medlemmane i Lærdal Golfklubb reiser dei no til Valdres, Hemsedal og Sunnfjord for å spele golf.– Ein ny slik sak vil ta 4–5 år så no må vi sjå på om vi ønskjer å gå ein ny runde med dette.Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Uvêr i Sør-Noreg: Nesten alle fjellovergangane er stengdeStor snøskredfare og kraftig snøfokk gjer det vanskeleg å koma seg frå Vestlandet til Austlandet. Dei fleste fjellovergangane er stengde.
Les mer »
Vesam vart flydd ut av Noreg – så ombestemte tingretten segVesam Heydari kom til Noreg i 2009, og konverterte frå islam til kristendom. Denne veka vart han send ut av Noreg, men tingretten ombestemte seg i siste liten.
Les mer »
Kjempar for nytt forskingsskip: – Noreg treng denne flytande campusenNoreg treng eit nytt fartøy når FF Helmer Hanssen blir teke ut av drift rundt 2030, seier UIT-dekan. Erstatninga kan bli ein ny, flytande campus med heimehamn i Longyearbyen.
Les mer »
Kjempar for nytt forskingsskip: – Noreg treng denne flytande campusenNoreg treng eit nytt fartøy når FF Helmer Hanssen blir teke ut av drift rundt 2030, seier UIT-dekan. Erstatninga kan bli ein ny, flytande campus med heimehamn i Longyearbyen.
Les mer »
Kjempar for nytt forskingsskip: – Noreg treng denne flytande campusenNoreg treng eit nytt fartøy når FF Helmer Hanssen blir teke ut av drift rundt 2030, seier UIT-dekan. Erstatninga kan bli ein ny, flytande campus med heimehamn i Longyearbyen.
Les mer »
Kjempar for nytt forskingsskip: – Noreg treng denne flytande campusenNoreg treng eit nytt fartøy når FF Helmer Hanssen blir teke ut av drift rundt 2030, seier UIT-dekan. Erstatninga kan bli ein ny, flytande campus med heimehamn i Longyearbyen.
Les mer »




