Beyond the Breaking News

Justin Bieber delte Anna Lille sin Tiktok-video på Instagram til millionar

Norge Nyheter Nyheter

Justin Bieber delte Anna Lille sin Tiktok-video på Instagram til millionar
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter

Fredag opplevde den norske artisten Anna Lille noko heilt vilt: Justin Bieber delte ein video der ho syng til 286 millionar følgjarar.

– Det her er heilt sjukt! Eg har ikkje ord, verdas største idol og popstjerne har reposta lille meg, seier ho. Der har ho spelt på festivalen Malakoff i kveld.

Undervegs i konserten viser ein i publikum fram ein tekst på telefonen sin: «Justin Bieber posta deg på story nooo». Publikummaren gir telefonen til Anna Lille som les teksten, hyler og hoppar opp og ned. Det viser ein video festivalen har lagt ut.historia siPå si eiga instagramhistorie skriv ho: «!!! WHAAAATTTT !!!!

@lilbieber thank you», «all is fine and normal» og «ily forever»I april i år skreiv– Det er ein stor dag. Eg skal unna meg alt eg vil i dag, sa ho til nettstaden då. Ho har tidlegare fortalt at fleire store profilar har likt musikken hennar. Mellom andre Kendal Jenner, Hailey Bieber og Billie Eilish har likt og sett musikken hennar, og Joe Jonas har sendt ho ei direktemelding på Tiktok.

Sjølv har Anna Lille 19 300 følgjarar på Instagram og over 70.000 på Tiktok. Det er nokså få samanlikna med nokon av dei største profilane i verda. Anna Lille blei først kjend som ein del av duoen Vilde og Anna i Melodi Grand Prix Jr. Dei vann den norske finalen i 2016 med songen «Vestlandet». Anna Naustdal som 12-åring, saman med Vilde Hjelle . Dei vart kjende som duoen Vilde og Anna. Justin Bieber har i fleire år vore ein av dei største artistane i verda. Kanadiaren blei oppdaga på YouTube som 13-åring i 2007 og står bak hits som «Baby», «Love Yourself» og «Sorry».

Han har vunne ei rekke prisar og har ein enorm følgjarskare. Berre på Instagram, kor han delte videoen til Anna Lille, har han nesten 290 millionar følgjarar.

GooglePlease follow us on Google to support us
Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

NRK Hordaland /  🏆 5. in NO

 

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter



Render Time: 2026-08-11 20:12:12