En oppfølger til det historisk korrekte RPG-spillet Kingdom Come: Deliverance, som er både frustrende og fristende.
Eg hugsar framleis mine første steg i Kingdom Come: Deliverance. Eg har spelt mange store rollespel, men få har framstått så ekte, så jordnære, som ein så god representasjon av nokon som faktisk kunne ha skjedd. Det var ikkje utan grunn sjølvsagt. Heile poenget med Kingdom Come: Deliverance var å skape noko som var historisk korrekt, og sjølv om diverse historikarar vil kunne fortelje deg at det sjølvsagt er ting å pirke på, vågar eg deg å finne nokon som har gjort det betre.
Skal eg vere heilt ærleg tok det meg hakket lengre tid å kome skikkeleg i gong med Kingdom Come: Deliverance II enn forgjengaren. Mykje av dette skuldast det eg vil påstå er eit enda større fokus på realisme. Det er nokre år sidan eg spelte Kingdom Come no, og med tanke på alle spela eg har spelt i mellomtida, har mykje gått i gløymeboka. Eg måtte difor gjennom ein prosess for å finne rytmen her, for spelet gjer ikkje ein heilt god jobb i det sjølv. Starten er solid, der vår gamle ven Henry og hans ven Hans skal levere eit brev for å prøve å unngå krig. Dei blir rana på vegen, og du må gjennom ei heil smørje av herlege karakterar og dårleg forklart opplæring som verkeleg kan få deg til å lure på om spelet fungerar eller ikkje. Historia er fin, byr på både spenning og latter og så elskverdige karakterar at det byrjar å minne om ein film du ynskjer ikkje skal ta slutt. Brått står du der likevel, naken og skiten i ein galge og all den erfaring du bygde deg opp i Kingdom Come: Deliverance er borte. Det er tid for å starte på nytt, og korleis gjer vi det? Jo, ved å få oss ein jobb. To potensielle oppdrag følgjer, enten kan du gå til møllaren, eller du kan gå til smeden med formål om å gjere ein dags ærleg arbeid slik at du kanskje kan få deg invitert i eit viktig bryllaup for å få fullført den jobben du eigentleg var her for å gjere. Etter over 15 timar har eg framleis til gode å introdusere meg for møllaren, og eg har kjent håpet svinne hen då eg innsåg at utviklarane no har lage at langt, omstendeleg og dødeleg keisamt minispel ut av det å smi, vel, hestesko. Nei, det er ikkje moro, ja, det tek for lang tid, og ja, vi hadde klart oss heilt fint – betre faktisk – utan. No er dette berre mine første inntrykk etter omlag 15 timar, men eg synest det er verdt å nemne at eg enno ikkje er ferdig med mitt første skikkelege oppdrag. Vi kan seie det slik; eg blei distrahert. Eg blei distrahert av å gå tur i skogen berre for å møte på ein stakkar som hadde blitt fråstelt alt. Eg blei distrahert av å hjelpe ei gammal mor med å finne dotter si som hadde forsvunne, berre for å ende opp med eit nedgrava lik i skogen, nokre villsvin og eit melodrama eg løyste fint ved å sende ein tosk i fengsel, og ein annan til dei evige jaktmarker. Eg blei spesielt distrahert av kona til ein jaktmann som bad meg leite etter ektemannen, sjølv om sonen meinte drukkenbolten berre låg full ein plass. Sonen fekk rett. Jaktmannen låg full i eit tre omringa av ulvar. Eg tok dei ulvane, med livet som innsats, og nær døden bar eg denne fulle tosken først til ein mosegrodd trestokk, så til ei maurtue, deretter til ei bjørk delt i to, før vi til slutt skulle gå mot ei kro, men han ombestemde seg fordi det var for langt, og vi enda opp i leiren hans i staden. På vegen kasta han opp på meg fordi eg var grei nok til å be han om å berre få det ut. Han bad meg så finne hesten hans, for nokon hadde stelt den. Om eg kunne ta dei bastardane òg, var eg ein knupp. Jaudå, eg gjorde som han sa. Eg sneik meg gjennom graset og knebla eit par bandittar på så klønete vis at eg måtte misbruke spelets framleis like idiotiske lagringssystem (når du må lagre og avslutte kvar gong du skal prøve noko risikabelt er ikkje får ting heilt på stell) opptil fleire gongar. Ein vill kamp mot fleire bandittar langt sterkare enn meg følgde, og med ein eleganse eg ikkje visste eg hadde putta eg piler i både hals og hovud, før sistemann sank om. Der, i bandittleiren fann eg endeleg pengane eg hadde tørsta etter i timevis. Rustningar, våpen, og ei seng å sove i så eg kunne hente meg inn igjen litt. Livet som eventyrar er blodig hardt. Det er forferdeleg mykje som kan seiast om Kingdom Come: Deliverance II, men eg trur det heile kokar ned til at dette lovar å bli eit uhyre frustrerande spel det strengt tatt er umogleg å legge frå seg. Eg klarar det berre ikkje, eg må spele litt til, eg må utforske litt, sjå kva som ligg bak haugen der, finne ut kva som skjer om eg tergar landevegsrøvarar litt
Kingdom Come: Deliverance II Videospill RPG Historisk Oppfølgere Utfordring Realisme
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
AltoppslukandeKingdom Come II er nøyaktig det vi kunne forvente, på godt og vondt.
Les mer »
Vestafrikanske ledere forlenger fristen til land som vil forlate Ecowas-samarbeidetLederne i den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen Ecowas gir tre militærledede land en frist på seks måneder til å revurdere avgjørelsen om å forlate samarbeidet.
Les mer »
Parkeringsselskaper får forhåndsvarsel om vedtak fra ForbrukertilsynetForbrukertilsynet har sendt forhåndsvarsel om vedtak til tre parkeringsselskaper (Onepark, Apcoa og Aimo Park Norway) for fakturagebyer som anses å være for høye. Tilsynet krever at selskapene slutter med fakturagebyr som er større enn faktiske kostnader ved å sende faktura, i henhold til ny finansavtaleloven fra 2023. Selskapene har frist til 20. januar for å svare Forbrukertilsynet.
Les mer »
Forbrukertilsynet krever slutt på høye fakturagebyr fra parkeringsselskapeneForbrukertilsynet har sendt forhåndsvarsel om vedtak til tre parkeringsselskap (Onepark, Apcoa og Aimo Park Norway) og krever at de slutter med fakturagebyr som er høyere enn faktiske kostnader for utsendelse. Dette skjer etter en ny finansavtale lov som kom i januar 2023. Selskapene er varslet om ukentlige tvangsmulkter på 1.300.000, 950.000 og 250.000 kroner henholdsvis og har frist til 20. januar til å svare. Selskapene har tidligere uttalt at de mener praksis er innenfor regelverket.
Les mer »
Parkeringsselskapene varslet om bøter for fakturagebyrForbrukertilsynet truer parkeringsselskapene Onepark, Apcoa og Aimo Park Norway med bøter på grunn av fakturagebyer som er høyere enn faktiske kostnader. Det nye finansavtaleloven fra 2023 begrenser fakturagebyr til faktiske kostnader. Selskapene har frist til 20. januar for å svare Forbrukertilsynet.
Les mer »
Kristoffersen på seiersjakt i Val d'Isère – «brutalt» for BraathenNordmannen, som kjører for Brasil, fikk en tøff opplevelse lørdag morgen.
Les mer »