Fabrikken skryt av verdas reinast sinkproduksjon, men prosjekt «Green Zink Odda» vil auka CO2-utsleppa med 50 prosent. – Ikkje grønvasking, meiner naturvernarar.
Samstundes er det er planlagt å auka sinkproduksjonen med 75 prosent. – Me meiner dette er eit viktig klimatiltak. Men dette handlar først og fremst om ein produksjonsauke, seier kommunikasjonsansvarleg Karl Ystanes ved Boliden Odda.
– Når me nå aukar produksjonen, er me i marknaden med tilbod som allereie er best i klassen, seier Karl Ystanes. Her med administrerande direktør Helene Seim. – Grøn sink betyr at sinken vi produserer her i Odda har det lågaste CO₂ -avtrykket blant konkurrentane våre, sa administrerande direktør Helene Seim då NRK besøkte fabrikken i fjor. – Ja, det er riktig.
Totalutsleppet går noko opp. Men Boliden forsvarer seg med at dei allereie slepp ut svært lite CO₂. Slik at 50 prosent meir er ganske lite. – Men de selde utvidingsprosjektet inn som at dette var eit klimatiltak med 15 prosent reduksjon i CO2-utslepp?
– Det kan eg ikkje svara heilt på. Men eg trur ideen, eller det som har vore sagt, er at me aukar utsleppet litt, men aukar produksjonen meir.
«We double the zinc production and at the same time reduce the carbon dioxide intensity by 15 percent from already a world leading position».klimaavtrykk må det bli. Me er ikkje heilt CO2-frie. Det går jo litt CO₂ ut, men marginalt i forhold til det store bildet, og ikkje minst opp mot konkurrentane våre, som slepper ut meir CO₂ per tonn. I Norsk Klimastiftelse er prosjektleiar Kirsten Å. Øystese ikkje udelt imponert av Green Zink Odda 4.0.
– Det er kjempebra at dei forbetrar produksjonen, men det er jo dei totale utsleppa som betyr noko i sum. For klimaproblemet hjelper det jo ikkje at utsleppa per produserte eining går ned, dersom dei totale utsleppa aukar. Boliden hadde i 2023 den 45. største enkeltutsleppet av CO₂ blant norsk landbasert industri . Mongstadraffineriet ligg suverent på topp.
– Berre 0,01 % av dei samla norske utsleppa kjem frå denne sinkfabrikken. – Samanlikna med annan industri er ikkje Boliden blant dei verste. Dei har jo låge utslepp, seier Øystese. – Så ein liten auke frå eit lågt nivå gir ikkje eit stort utslag.
Men alle utslepp som aukar, tar oss i feil retning. Det er aldri uvesentleg. – Sjølv om dette gir utsleppsauke, er det strategisk viktig at Europa produserer metall og mineral som vi treng i eit utsleppsfritt samfunn. Så det er bra at det blir investert i norsk industri.
– Utsleppa er relativt små i industriell samanheng. Likevel er det viktig å sørga for at utsleppa ikkje aukar. Dagens CO2-kompensasjonsordning krev at industrien må investera i klima og energitiltak. – Lågare utslepp per tonn kan vera positivt viss produksjonen erstattar meir utsleppsintensiv produksjon andre stader, samtidig som samla utslepp kan auka når produksjonen aukar.
– Om dette er grønvasking avheng av korleis selskapet kommuniserer resultata frå prosjektet, og om dei er opne om auka totale utslepp. Me oppfordrar alle til å følga prinsippa i Grønnvaskingsplakaten. – Noreg skal ha industri. Me løyser ikkje klimaproblemet ved å legga ned produksjon heime og importera meir frå andre land.
– Produksjonsauke gir som regel høgare totalutslepp. Det er ikkje bra for klimaet. Samtidig er det positivt at bedrifter investerer i å få utslepp per produsert eining ned. Skal industriomstilling lukkast må me kombinera verdiskaping og konkurransekraft med reduserte utslepp.
– Positivt at verdas mest effektive sinkfabrikk blir endå meir effektiv og utvidar produksjonen sin. Håpar dette blir kopiert av andre i den globale marknaden. – Dette er ikkje grønvasking, men eit godt døme på at miljøforbetringar kan bidra til auka investeringar og trygge arbeidsplassar. – Mongstadraffineriet har sidan 2015 redusert CO2-utsleppa med over 25 prosent.
Blant anna 250.000 tonn gjennom ombygging av gassturbin, og over 100.000 tonn gjennom ulike energieffektiviseringstiltak. – Heilt supert at dei produserer med lågare utslepp enn før. Samtidig eit skuleeksempel på korleis teknologisk forbetring ofte blir ete opp av forbruks- og produksjonsvekst. Me når ingen nasjonale klimamål viss alle industribedrifter aukar utsleppa.
– Boliden har låge utslepp ift. annan tungindustri. Kutt er viktigast ved dei største kjeldene, som Mongstad, Yara, Melkøya og aluminiumsindustrien. – Sink er avgjerande både grøn omstilling, og Noreg treng Boliden Odda, som er blant dei reinaste produsentane i verda. Når dei aukar produksjonen og kuttar utslepp per eining, er det ein reell klimagevinst globalt.
– Men Bellona har politimeld Boliden etter at ni polske arbeidarar vart akuttinnlagde på sjukehus etter å ha blitt kvikksølvforgifta medan dei bygde infrastruktur for det grøne skiftet. – Elkem har ingen eigarinteresser eller forretningsmessig relasjon til Boliden. Det er derfor ikkje naturleg for oss å kommentere på dette. – Bortsett frå at me gratulerer Boliden med ferdigstillinga av eit viktig norsk industriprosjekt som bidrar til fleire arbeidsplassar og leveranse av ei råvare verda treng, produsert med det lågaste CO2-fotavtrykket.
– Eg ville ikkje kalla dette grønvasking. Sjølv om det slår dårleg ut på den nasjonale klimarekneskapen, kan grepa vera positive for dei globale utsleppa, men det avheng av det totale globale forbruket. Lars Haltbrekken i SV – For det første vil eg gi skryt til Boliden for å kutta utsleppa per produserte tonn. Dei viser at dei er ei bedrift som tar klimakrisa på alvor.
– Me får jo ein liten auke i dei totale norske utsleppa, men den er ikkje stor. Og den kan jo fort bli redusert mykje meir andre plassar gjennom at sink frå Boliden erstattar meir forureinande produkt andre plassar. Så eg helsar dette velkommen. – Men det kjem an på korleis dei kommuniserer om utsleppa.
Det kan skapa forvirring viss folk kanskje ikkje forstår kva endringa inneber. – Dei snakkar jo positivt om prosjektet. Det er sikkert viktig for dei, også med tanke på omdømme og rekruttering, slik som for alle andre. – Viss dette berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet, seier Kirsten Å. Øystese i Norsk klimastiftelse.
– Dersom auka produksjon frå Boliden erstattar produksjon ein eller annan stad i verda som har høgare utslepp, kan det bidra positivt også til dei totale utsleppa. Men viss det berre bidrar til auka produksjon og auka utslepp, så har det ein negativ effekt for klimaet. – Er dette eit typisk eksempel på at effekten av klimatiltak ofte blir oppheva av forbruks- og produksjonsauke?
United States Latest News, United States Headlines
Similar News:You can also read news stories similar to this one that we have collected from other news sources.
Norwegian Climate Policy Shocks Consumers and Businesses with High Fuel Prices, Says ListhaugNorwegian Conservative Party leader, Sylvi Listhaug, has criticized the country's climate policy, stating that it will lead to significant increases in fuel prices, affecting both individuals and businesses. She has also questioned the government's plan to gradually increase CO2 taxes on fuel, questioning its impact on consumers and businesses.
Read more »
Personbilulykke på E134 nedi Haukelifjell, to luftambulanse sendt til stedet. Gruppa omhandlet av politiet utlevert av medicinsk student. Personbilulykken vitnetPassasjeren i bilen var fraktet med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus, føreren av personbilen ble kjørt til Odda med ambulanse. Det ble sendt to luftambulanser til stedet, ressurser fra henholdsvis Sør-Øst og Vest politiet ble sendt.
Read more »
No Tommy og kona Veronica gikk på sommerferie i Bergen med fokus på FolgefonnaDen amerikanske klimaforskaren Tommy hadde en plan; han skulle droppe kona Veronica i Brighton-flyplassen og ta en busstur til Odda på høsten før han skulle vandre rundt Folgefonna i fire dager.
Read more »




