Xbox har lagt bak seg eit annleis år, sterkt prega av forsøket på å kjøpe Activision Blizzard. Me oppsumerer året som har gått for dei tre konsollprodusentane.
Kanskje var det naudsynt for å få ting på stell, men dette, saman med kor stille det er rundt nesten alt av studio og produksjonar frå Xbox skapar mykje uro. Om den er berettiga er ein ting, men at den er der er eit ubestrideleg faktum Microsoft gjer uklokt i å ikkje addressere. Vi veit spelutvikling tek tid, og meir no enn på noko punkt i historia.
Men det kan fungere. For nokre år sidan hadde EA lite å vise under E3-messa, men dei inviterte likevel pressa på besøk, og viste oss innblikk i produksjonen av komande spel. Dei viste glimt og ambisjonar, og gav dei som venta på til dømes Dragon Age: Inquisition noko å gle seg til. Den kanskje største overraskinga i alt dette er at sjølv om storspela har uteblitt, og det har vore eit stille år med eksklusive spel, har likevel Microsoft selt unna så mange konsollar at Microsoft-sjef Satya Nadella i sommar fortalde at dei sel fleire konsollar no enn på same tid i nokon tidlegare Xbox-generasjon.
Xbox har lagt bak seg eit annleis år, og om vi skal sjå på kvaliteten av det dei har levert, eit av sine beste. As Dusk Falls, Scorn, Pentiment og High on Life er kanskje ikkje storproduksjonar i same klasse som det Sony har levert i år, men alle byr på førsteklasses underhaldning. Microsoft har budd på eit svært variert og spanande spelår med unike og annleis opplevingar.
Om dei kan halde fram med det og samstundes levere sine påkosta storproduksjonar vil dei vere ein svært farleg aktør i året som kjem.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Kommentar: Dette ble knapt registrertOver helgen ble norsk klimapolitikk lagt dramatisk om. Uten at vi la merke til det. Og uten at vi hadde noe vi skulle sagt.
Les mer »
Kommentar: Svineinfluensa og spysyke, god jul!Årets myke pakker er av det kjedelige slaget. Men det er ingen grunn til panikk.
Les mer »
Kommentar: Tusen års kristendomDet er de fortellingene som binder oss sammen. Som gjør Norge til Norge.
Les mer »
Kommentar: Året PlayStation omfamna PCMe oppsummerar året som har gått for dei tre konsollprodusentane dei neste dagane. Først ute er PlayStation.
Les mer »
Kommentar: Jonas’ krise er verre enn ErnasErna Solberg fikk holde på alene. Jonas Gahr Støres krise er mye vanskeligere.
Les mer »
Is- og snøtrøbbel på Gardermoen: Store forsinkelserDet er store forsinkelser på Oslo lufthavn, Gardermoen mandag ettermiddag.
Les mer »