Gustav Iden fann ein kaps på gata. Plutseleg blei han superstjerne i Taiwan:
I september sprang bergensutøvaren Gustav Iden først over målstreken under triatlon-VM Ironman 70.3 i Nice. Men det var ikkje først og fremst sigeren som gjorde at talet på nye Instagram-følgjarar gjekk frå 8000 til 30.
000 i timane etter målgang.Taiwanarar valfarta til tempelet Kapsen hadde han funne utandørs under ei treningsøkt i Japan. – Eg visste ikkje kva som stod på han, men syntest kapsen var kul, seier Iden om kapsen han fann på gata. På kapsen stod det kinesiske ordet for Puyan Shunze Temple, eit over 300 år gamalt tempel vest på øya. I Taiwan gjekk spekulasjonane vilt om bakgrunnen for at ein nordmann vann VM med eit hovudplagg som refererte til det kjende taoist-tempelet sentralt på Taiwan. Til avisa Taipei Times seier tilsette ved tempelet at dei blei nedringt etter VM-løpet av folk som ønskte å kjøpa kapsen. View this post on Instagram What an absolutely crazy start to my Taiwanese long weekend! Thank you for having me 😍😍 📷: @adamacworth – Eg såg først at eg hadde fått mange nye følgarar frå Taiwan. Så tok det berre meir og meir av, seier Iden når NRK møter han på Flesland onsdag føremiddag. For nordmannen sitt hatteval blei dekka breitt i taiwanske medium, og førte til at Iden blei invitert til landet. – Eg hadde tenkt å seia nei, men då dei tilbydde meg businessklasse-billettar, så forstod eg at dette var ei moglegheit eg ikkje kunne takka nei til. Besøkte tempel – og signerte sponsorkontrakt På sin eigen Instagram-profil la Iden i helga ut fleire bilete og videoar frå besøket. – Regjeringsapparat i Taiwan la opp til eit skikkeleg program, der eg fekk oppleva alt mogleg rart. Det har vore eit ekstremt trykk under heile besøket, seier Iden. Mellom anna besøkte han det mykje omtalte tempelet, og på videoane er det tydeleg at nordmannen er populær i Taiwan. Om lag 3000 møtte opp for å få autografar og ta bilete med nordmannen. Taiwan News skriv at dei frammøtte ropte «champion» då Arna-mannen besøkte tempelet.Med seg i kofferten hadde han ein rykande fersk sponsorkontrakt med det taiwanske sykkelmerket Giant. View this post on Instagram Contracts have been signed, smiles have been had and gold will be made! Thank you @giantbicycles for believing in me, and a huge thanks for including me in the Giant family! 😍😍 #rideliferidegiant Mangla sponsor – vann VM med «feil» sykkel For medan konkurrentane i VM sykla på temposykkel, sykla Iden på landevegssykkel. Det gjorde han fordi han enn så lenge ikkje hadde fått på plass ein sykkelsponsor som sponsa han med ein god nok temposykkel. Men etter den utrulege kaps-historia, er problemet løyst. På turneen signerte han ein treårsavtale med sykkelmerket. – Som produsent er dei verdas største. Som utøvarar er dei ganske små, seier Iden når han samanfattar Taiwan sin posisjon i sykkelsamanheng. – Men fleire av verdas største sykkelprodusentar er i Taiwan, så dei er store på sykkel. Triatlon er ikkje veldig stort, rett nok. Giant presenterte samarbeidet på sine heimesider onsdag. Selskapet vil sponsa Iden med triatlon-syklar, landevegssyklar og utstyr dei neste tre åra. – Triatlon er ein veldig intensiv, interessant og utfordrande idrett, skriv merkevaresjef Phoebe Liu i pressemeldinga. Hyllar Instagram-effekten Iden satsar knallhardt fram mot OL i Tokyo til neste år. Bergensaren meiner den halvgalne historia viser effekten av sosiale medium. – Utan Instagram, og utan at bileta hadde blitt spreidd og sett av folk i Taiwain, hadde eg aldri blitt invitert over. Då ville eg sikkert aldri fått ein så gunstig sponsoravtale som eg har fått no, seier Iden.
Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter
Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.
Har signert loven som kan få Frode Berg hjemFrode Bergs advokat Brynjulf Risnes er nå styrket i sin tro på at den spiondømte nordmannen snart løslates.
Les mer »
Jensen med ny informasjon om viktig telefonBORGARTING LAGMANNSRETT (VG) Den tidligere politimannen Eirik Jensen fortalte tirsdag hva gjorde med telefonen han brukte i kontakten med Gjermund Cappelen.
Les mer »
- Jeg var ferdig med tv-dating, men glad jeg ble med på detteElse Strøm Larsen (36) ble vraket i årets «Jakten på kjærligheten». Nå får hun en ny sjanse til å finne lykken i TV 2 Sumo-programmet «Kjærlighet til alle».
Les mer »
Fotballforbundet må ta ansvar for pyro-bråketLEIAR: Noregs Fotballforbund bør snakke med supporterane på ein skikkeleg måte, og få slutt på pyro-konflikten.
Les mer »
Senterpartiet vil senke drivstoffavgifteneSenterpartiet foreslå i sitt alternative statsbudsjett å redusere bensinavgiften med 15 øre og dieselavgiften med 35 øre.
Les mer »
Dømt til tvungen behandling etter øksedrap på kirkegårdDen 49 år gamle mannen ble erklært alvorlig psykisk syk og farlig i november 2017. Nå, etter å ha drept en tilfeldig kvinne med øks, er han dømt til tvungen behandling.
Les mer »




