Ivanka Trump og Jared Kushner vil bygge eit ferieparadis i eit urørt naturreservat i Albania. No er prosjektet under etterforsking for korrupsjon etter massive protestar.
Ivanka Trump og Jared Kushner vil bygge eit ferieparadis i eit urørt naturreservat i Albania. No er prosjektet under etterforsking for korrupsjon etter massive protestar.
SVIGERSON: Jared Kushner og kona Ivanka Trump bak Donald Trump på republikanarane sitt landsmøte i 2018. Foto: Brian Snyder / Reuters / NTBOver 70 trua artar og meir enn 200 fugleartar høyrer heime her, mellom anna flamingoar, pelikanar, selar og havskilpadder. Området har vore strengt beskytta mot utbygging og inngrep, heilt til regjeringa endra status for vern og opna for bygging til turisme i 2024.
I desember 2024, ein månad etter at Donald Trump vann presidentvalet i USA, godkjente albanske myndigheiter ein foreløpig plan om utbygging frå svigersonen Jared Kushner. Han og kona Ivanka Trump ville bygge eit stort og eksklusivt hotellkompleks på den ubudde øya Sazan. I GANG: Anleggsmaskiner er på plass i Zvernec-bukta, kor miljøvernorganisasjonar åtvarar mot konsekvensane ved bygging av luksushotell på verna våtmarksområde.
Foto: Florion Goga / Reuters / NTBIvanka Trump omtalte øya som ei «utruleg vakker privat øy, midt i Middelhavet» som dei oppdaga då dei var om bord i båten til ein ven og stoppa for å sømje. Hotellkomplekset, som Trump sjølv omtalte som «massivt», har ein prislapp på 1,6 milliardar dollar. Planen er å bygge 10.000 hotellrom og villaer. Arbeidet blir leia av Kushner sitt investeringsselskap Affinity Partners, som er ein av mange investorar i prosjektet.
I Albania har det vore stor motstand mot prosjektet sidan regjeringa opna for bygging i naturreservatet. Fleire hundre møtte opp for å demonstrere då det vart sett opp piggtrådgjerde som stengte av kystlinja i forbindelse med at byggearbeidet starta, skriv nyheitsbyrået Reuters. Det er meldt om fleire skadde etter samanstøyt mellom demonstrantar og sikkerheitspersonell.
Ifølge Tauland Bino, leiar for ei albansk ornitologforeining, er det ikkje offentleggjort noko rapport om konsekvensane for natur og miljø, som vanlegvis er eit krav før denne type utbygging. at det ikkje berre er miljøvernarar som har engasjert seg i saka, men folk frå heile det politiske spekteret og frå ulike samfunnslag. – Det handlar om demokrati, legg han til.
Asher Abehsera, styreleiar i Sazan Real Estate Development LLC, som utviklar planane i samarbeid med Kushner sitt firma, seier følgande i ein utsegn til Reuters: «Vårt fokus er framleis på ansvarleg forvaltning, miljøforbetring, jobbskaping og å skape langsiktig verdi for lokalsamfunn. Vi respekterer de pågåande offentlege og institusjonelle prosessane». Statsminister i Albania, Edi Rama, forsvarar prosjektet og seier at det ikkje kjem på tale å stanse prosjektet.
– Det er svært viktig at vi blir verande imøtekomne, at vi blir verande rettferdige og at vi under ingen omstende får stigmaet av å vere eit land der investorar møtast med fientlegheit, seier han i ein utsegn til Reuters. har både Hellas og EU uttrykt bekymring for moglege skader på naturen. Ein talsperson for EU-kommisjonen seier at Albania må følge EU sine standarar for vern for å kunne søke om medlemskap, ifølge organisasjonen.
– Vi ønsker at alt byggearbeid skal stoppe og at tunge maskiner skal fjernast frå dei verna områda, seier Joni Vorpsi i Birdlife Albania til Reuters. – Dette vil bli ein ny by med rundt 10.000 rom, og det vil fullstendig øydelegge den ville regionen.
United States Latest News, United States Headlines
Similar News:You can also read news stories similar to this one that we have collected from other news sources.
EU-kommisjonen vil lempe på utslippsregler for olje og gass etter norsk pressBeslutningen kommer etter samlet press fra USA, Norge og petroleumssektoren.
Read more »
EU-kommisjonen vil lempe på utslippsregler for olje og gass etter norsk pressBeslutningen kommer etter samlet press fra USA, Norge og petroleumssektoren.
Read more »
EU-kommisjonen vil lempe på utslippsregler for olje og gass etter norsk pressBeslutningen kommer etter samlet press fra USA, Norge og petroleumssektoren.
Read more »
EU-kommisjonen vil lempe på utslippsregler for olje og gass etter norsk pressBeslutningen kommer etter samlet press fra USA, Norge og petroleumssektoren.
Read more »




