Visions of Mana: En kraftfull 90-talls følelse

Gaming Nyheter

Visions of Mana: En kraftfull 90-talls følelse
Visions Of ManaSquare EnixRetro Gaming
  • 📰 gamerno
  • ⏱ Reading Time:
  • 123 sec. here
  • 9 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 69%
  • Publisher: 51%

En artikkel om det nye spillet Visions of Mana som tar inspirasjon fra klassiske spill i serien og gir en sterk nostalgisk følelse. Artikkelen snakker om historien, karakterene, grafikken og mekanikken i spillet.

A lower mine kjæraste barndomsminne er frå det klassiske spelet Secret of Mana på Super Nintendo. Det er eit spel som har betydd meir for meg og den kurs mine interesser har tatt enn eg trur det er mogleg å setje ord på. Det var dette spelet, saman med The Legend of Zelda: A Link to the Past som i stor grad opna mine auge for dei japanske eventyrspela fulle av fantasi, magiske verder og fargerike karakterar.

Oppfølgjaren Trials of Mana kom ikkje offisielt ut på engelsk før i 2019, og året etter i ein ny versjon bygd opp frå grunnen av. Det er mange spel i serien, men få av dei har vore like gode som desse to. Det har vore mange forsøk, få suksessar, men no er Square Enix tilbake med eit spel som har fått nøyaktig den mengda kjærleik serien fortener.I Visions of Mana møter vi ei verd der alt ikkje er heilt som det burde vere. For å unngå katastrofe og undergang må kvar landsby kvart fjerde år sende ein såkalla Alm som skal ofre sjela si til Manatreet. Det er ei stor ære, og folk ser ut til å fryde seg over å bli valde, men alle er ikkje like nøgde med ståa, og det er dette som skapar fundamentet heile spelet er bygd på. Kva skjer om nokon nektar å ofre seg? Historiene har strengt tatt aldri vore Mana-seriens sterkaste side, men i Visions of Mana får vi ei tidvis svært god historie. Som mange andre japanske spel blir det nokre klisjear og stereotypar her og der, og det blir av og til litt mykje tyting, optimisime og naivitet, men om ein ser forbi dette vil ein finne ei historie som strengt tatt er bekmørk og byr på nokre uventa vendingar. Det er mange triste historier her, og eg tok meg sjølv i å stille spørsmål ved kva som skjedde, kva motivasjonane til folk var, og det er ikkje noko som skjer ofte. Historia går ikkje beine vegen rett fram, men snur og vender på seg nok til at ein blir kjend og omsider glad i heile rollegalleriet, sjølv om eg i starten var noko skeptisk til enkelte delar av skodespelet, karakterdesignet og persontypar.Visions of Mana er eit leikent og lystig spel som først og fremst er laga for å vere moro å spele. Det er mange system, men ingen så komplekse at det vil krevje mykje av spelaren å setje seg inn i dei. Progresjonen er stødig og brysk og du kjem stadig til nye område der det ventar nye utfordringar og nye glimt av historia.Eg har ikkje spelt eit spel med ei så kraftig 90-talskjensle sidan 90-talet. Dette spelet er laga av folk som forstår kvifor dei spela fungerte, og forstår kvifor mange ikkje likar den vegen spelutvikling går. Eg snakkar om spel som berre blir større og større utan å by på meiningsfullt innhald. Enorme område det tek år og dag å kome seg gjennom er her erstatta med dei mest blendande vakre område eg nokon gong har sett. Om noko tek tid her er det fordi du vil stoppe opp og sjå deg rundt, heile tida, for spelet er bygd opp for å få deg kjapt frå A til

Vi har oppsummert denne nyheten slik at du kan lese den raskt. Er du interessert i nyhetene kan du lese hele teksten her. Les mer:

gamerno /  🏆 24. in NO

Visions Of Mana Square Enix Retro Gaming Nostalgia RPG

Norge Siste Nytt, Norge Overskrifter

Similar News:Du kan også lese nyheter som ligner på denne som vi har samlet inn fra andre nyhetskilder.

Spelet vi har venta påSpelet vi har venta påVisions of Mana er ikkje berre eit knakandes godt spel, det er det beste Square Enix-spelet på mange år.
Les mer »

Presidentvalget i USA: - Forstår ikke grepetPresidentvalget i USA: - Forstår ikke grepetDa Vladimir Putin skrøt av ham, klippet Donald Trump ut artikkelen og ville sende den og et takkebrev til Russlands president, ifølge rådgiver.
Les mer »

Mangelfull ergoterapitjeneste ved Tromsøs sykehjemMangelfull ergoterapitjeneste ved Tromsøs sykehjemJeg viser til artikkel i Nordlys 23.08.24 av Vegar Horne. Artikkelen dreier seg om utlysning av EN stilling for ergoterapeut, som skal dekke 5 sykehjem i Tromsø kommune. Dette er rystende og helt utrolig lesing.
Les mer »

Mer pensjon: Nærmer du deg pensjonsalder, bør du være bevisst på hvilke grep du kan ta for å få komme ut godt økonomisk. Disse vanlige fellene advarer eksperten mot.Mer pensjon: Nærmer du deg pensjonsalder, bør du være bevisst på hvilke grep du kan ta for å få komme ut godt økonomisk. Disse vanlige fellene advarer eksperten mot.SNART PENSJONIST? Det er fort gjort å ende opp med mindre pensjon enn du kunne ha fått dersom du hadde tatt de rette grepene eller hatt nok informasjon. I denne artikkelen forteller pensjonsekspert Alexandra Plahte hva du bør være obs på for å ha mest mulig å rutte med i pensjonisttilværelsen.
Les mer »

Ufør: Det er flere andre tilleggsstønader du kan søke om som uføretrygdet. Her gir advokaten råd om hvordan du bør gå frem for å få penger du kan ha krav på.Ufør: Det er flere andre tilleggsstønader du kan søke om som uføretrygdet. Her gir advokaten råd om hvordan du bør gå frem for å få penger du kan ha krav på.Uføretrygd: De som er uføre, kan også ha krav på andre type ytelser fra Nav. I denne artikkelen får du vite hvem det gjelder, og hva som skal til for å få ekstra pengestøtte.
Les mer »

Ready i samarbeid om nød-kommunikasjon med TC Connect - Digi.noReady i samarbeid om nød-kommunikasjon med TC Connect - Digi.noNorske Ready Communications fra Sarpsborg har utviklet en kommunikasjonsløsning myntet på nødetater, energisektoren, forsvaret og andre med behov for å opprette midlertidig mobildekning der det ikke finnes i dag. Digi har tidligere omtalt dette i artikkelen «Sarpsborg-startup lager internett der det ikke er dekning».
Les mer »



Render Time: 2025-02-19 04:38:55